EC5D7650

Arne Mæland, fødd i Etne i 1950, driv eige atelier og galleri i Solbakken i Os. Han arbeider med skulptur i brongse, marmor og med måleri i eit allsidig formspråk som spenner frå det naturalistiske til det abstrakte. I dimensjon varierer verka frå stauett til statue, frå små lysrelieff til kyrkjeutsmykking.

Mæland er lærar av utdaning, men arbeider som heiltids kunstnar. Han hatt mange store – offentlege og private – oppdrag i Noreg og i utlandet. Arne Mæland er initiativtakar til og leiar for dei internasjonale skulptursymposia i Os, med kunstnarar frå heile verda.