Livet, Leiken og Draumane

4. februar 2007 blei Mæland sin hittil største skulptur, «Livet, leiken og draumane» avduka, dette var ei gåve til bergensarane frå Ragna Sofie Rieber og Christian Rieber.

livet11.jpg

«Skulpturen er langt på veg ei livsfrise. Den summerer opp temaer som har vore viktige og gjentagande i Arne sit virke. Livsseglasen, lovprising til livet og til fridom er tittlar som stadig vender attende. Desse tittlane ispedd frittståand skulpturar som eksempelvis  Mennesket (Uteliggaren), så får me ein skulptur med draumar, håp og omsorg. Det er ein skulptur der mennesker følger kvarandre arm i arm og draum ved sidan av draum. Der me er der for einannan i vår ferd mot framtida.»

                                                                                     Vidar Bratlund-Mæland
                                                                                     Sønn, kolega og skulptør

 

This entry was posted in Ymse.